Tonar & Ord med Olav Røyrhus Øyehaug
Velkomen til ein spanade fredagskveld i Aasentunet! Det vert språk og musikk i sampel denne konserten. Kaféen er open før og etter arrangementet.
Sunnmøre Kammermusikkfestival har glede av å presentere ørstingen Olav Røyrhus Øyehaug til årets festival. Han vil skape ei språkleg ramme kring dei auditive innslag frå Ligeti, Beethoven og Schubert.
Wolfgang Plagge var eleven til György Ligeti i studietida, og vil framføre eit av hans flotte stykke denne kvelden.
Bill: 300kr, gratis for studentar, elevar og born
Tider: Dørene opnar kl 19:00, arrangementstart kl 20:00
Program:
Nyskrivne tekster av Olav Røyrhus Øyehaug
Ligeti: Musica Ricercata
Beethoven: Strykekvartett op. 59 nr. 2
Schubert: «Der Wanderer» og «An den Mond»
Deltakarar:
Bernt Ola Volungholen - Baryton
Janina Kronberger - Fiolin
Annar Follesø - Fiolin
Nora Taksdal - Bratsj
Antoaneta Emanuilova - Cello
Wolfgang Plagge - klavér
Olav Røyrhus Øyehaug - poesi
Ungarske György Ligeti (1923-2006) var ein av 1900-talets fremste komponistar. Hans kunstariske openheit og søk etter uttrykk på form gjorde at musikken hans kunne spenne frå det grandiose og intenst komplekse til det nærmaste asketiske. I Musica Ricercata, frå første halvdel av 50-talet, er det kanskje ikkje så mykje 15.- og 16.-hundretallets kontrapunktiske "ricercar "-omgrep som er referanse, men meir den bokstavelege leitinga (frå italiensk «ricercare»): musikk som skal finne si form nærmast «ex nihil», altså frå eit svært avgrensa materiale. Beethovens andre «Razumovskij»-kvartett har, til ære for sin russiske bestillar, eit russisk folketonetema i tredje sats som seinare også har vorte nytta av mellom anna Tsjaikovskij, Mussorgskij og Stravinskij. Schubert danna på mange måtar ei bru frå klassisismen til romantikken, og i songar som «Der Wanderer» og «An den Mond» er det ein romantisk subjektivitet som vert merkande.