Tilbake til alle arrangementer

Konsert på Hareid

  • Hareid Kyrkjelydhus 17 Bedehusgata Hareid, Møre og Romsdal, 6060 Norway (kart)

Kom og høyr musikk av Schumann og Fanny Mendelssohn på eit av dei flottaste flygla på Sunnmøre!

Konsertprogram:

Schumann: Dichterliebe
Fanny Mendelssohn: Capriccio
Schumann: Klaverkvintett

Robert Schumann skreiv sin kanskje mest kjende songsyklus «Dichterliebe» i 1840 over tekstar av Heinrich Heine. År 1840 er kjent som Schumanns store «song-år» - han skreiv meir enn 120 songar inspirert av sin kjærleik til Clara Wieck. Det som vert beskrive i denne songsyklusen er like fullt ein ulykkeleg kjærleik. Ekteskapet med Clara vart kunstnarisk veldig fruktbart, og han skreiv i 1842 sin strålande klaverkvintett (som har vorte ein av dei mest framførte verka her på festivalen) for nettopp Clara. Fanny Mendelssohn vart heile livet ståande i skuggen av sin bror Felix, men som hennar Capriccio for cello og klavér viser, hadde ho ei eigenarta og sterk komponiststemme som for ettertida kan stå på heilt eigne bein.

Forrige
Forrige
7. september

Konsert på Skår

Neste
Neste
8. september

Tonar & ord