Tilbake til alle arrangementer

Konsert på Skår

  • Skårabakkane på Skår Møre og Romsdal Norway (kart)

Velkomne til ei musikalsk oppleving i ein av verdas vakraste fjordar!  

Sunnmøre Kammermusikkfestival arrangerer i år ein konsert hjå Skårabakkane på Skår og vonar at Vaughan-Williams Songs of Travel vil vere passande på denne musikalske reisa. Det går berre ferje to gongar om dagen til denne staden. Konserten er difor lagt opp til å passe med ferjetidene, og festivalen syter for skyssbåt tilbake til Standal og Sæbø for publikum. Ein vil òg få høyre Haydn sin strykekvartett op. 71 nr. 2 frå Apponyi-kvartettane, og Beethoven Strykekvartett op. 59. nr.1 som er den fyrste av tre Razumovsky-kvartettar som vert framførte under årets festival. Ved behov kan vi også ordne transport frå ferjekaia og opp til konsertstaden. Det vil vere høve til å kjøpe hjorteburger og drikke på Skår.

 Vi gler oss! 

 Tider: 
Ferja til Skår: Frå Standal 15:45 og frå Sæbø kl 16:50
Retur: Skyssbåt etter konserten (festivalen organiserer felles)
Konsertstart: ca kl 18:00 når ferga og folk er komne.

Det vil òg vere mogleg å legge til på Skår med eigen båt. 

 

Billett: 400kr inkl. tur/retur Sæbø/Standal. 

 

Program:

Haydn: Strykekvartett op. 71 nr. 2 «Apponyi»
Vaughan-Williams: Songs of Travel
Beethoven: Strykekvartett op. 59. nr 1

 

Musikarar:

Janina Kronberger (DE), fiolin
Antoaneta Emanuilova (BG), cello
Wolfgang Plagge, klaver
Bernt Ola Volungholen, baryton
Annar Follesø, fiolin,
Nora Taksdal, bratsj

Vi veit ikkje om Ralph Vaughan-Williams faktisk tenkte «Songs of Travel» som ein syklus, men det er uansett slik ettertida har oppfatta desse fascinerande songane. Dei gir også ein flott introduksjon til årets tema og nøkkelord: «Undervegs». Songane flankerast på opningskonserten av Haydn og Beethoven – læraren og eleven, begge meistrar i strykekvartettfaget. Haydn innleia med sine opus 71-kvartettar i 1793, sin modne periode, med kvartettar skrivne for framføringa for eit konsertpublikum framfor for den tradisjonelle kammermusiseringa i private heimar. Beethoven var absolutt undervegs i 1807, då han skreiv sine tre kvartettar op. 59 til grev Razumovskij, den russiske ambassadøren i Wien. Han var på dette  tidspunktet kjent som ein meget bygåva komponist. Likevel heldt han fram med å presse seine eigne grenser. Hans stilistiske utvikling vert i desse verka sett for å bevege seg i forkant av dei rådande trendane og den tids gjengse smak. 

Forrige
Forrige
6. september

Konsert & middag

Neste
Neste
8. september

Konsert på Hareid