Artistar

  • BARYTON

    Bernt Ola Volungholen kjem frå Vallset. Han er utdanna ved Norges musikkhøgskole, Kunsthøgskulen i Oslo  og Operaakademiet i København. Volungholen var fast solist ved Luzerner Theater i Sveits frå 2016 - 2019.  

    Frå sesongen 19/20 arbeider han frilans over heile Europa. Bernt Ola stiller sterkt i konkurransen som verdas mest joviale sanger. Dette går ikkje på bekostning av kvaliteten. Tvert imot. Han er ein ettertraktet tolkar av dei mest krevjande roller på operascener i Europa, men kan også gjere enkle viser på naturleg vis. Frå 2021 har han ved sida av ein svært aktiv utøverkarriere også ansvaret for Kirsten Flagstad festivalen på Hamar.


  • KLAVÉR, KOMPONIST

  • FIOLIN

  • FIOLIN

    Janina Kronberger er fødd i Freiburg, Tyskland og byrja å spele fiolin då ho var fire år gamal. Då ho vart 16 byrja ho på diplomstudiet ved Hochschule für Musik Karlsruhe med Ulf Hoelscher der ho vart uteksaminert "mit Auszeichnung".

    I 2013 starta Janina i solistklassen til Prof. Mark Gothoni ved Universität der Künste i Berlin og var assistent det samme året.

    Janina har delteke i meisterklasser med mellom anna Igor Ozim, Nicolas Chumachenco, Ulf Hoelscher, Josef Rissin og Detlef Hahn. Ho vert jamnleg invitert til festivaler over hele Europa, har motteke stipender og vunne flere prisar i internasjonale konkurranser, blant annet Tyskland, Sveits og Frankrike.

    Kronberger er ein aktiv kammer- og orkestermusikkar og har jobba både som solist og konsertmester i flere tyske ungdomsorkestere. Ho har jamnleg vikariert i til dømes SWR Radioorchester Freiburg, Philharmonisches Orchester Freiburg, Badische Staatskapelle Karlsruhe og Det Norske Kammerorkester.

    Då hun fikk fast jobb som 1.fiolinist i Kringkastingsorkesteret 2014 flytta ho til Norge. Sesongen 2018/19 arbeida Janina i Den norske opera og ballett både som nestgruppeleder på 2.fiolin og som 2.konsertmester.

    Sidan 2018 har Janina vore fast fiolinist i Kringkastingsorkesteret.

  • BRATSJ

    Nora Taksdal er utdanna ved Østlandets Musikkonservatorium og Norges Musikkhøgskule, og har solistdiplom frå Folkwang Hochschule i Tyskland.

    Taksdal var med på å grunnlegge Vertaco-kvartetten der ho spelte i ti år. Ho har vore fast tilsett som solobratsjist både i Bergen- og Oslo-Filharmonien, og har sidan 2006 vore gruppeleiar i Kringkastingsorkesteret. Ho har også bakgrunn frå Det Norske Kammerorkester og fleire samtidsensemble. Taksdal har variert bakgrunn frå inn- og utland som solist, kammermusikar, improvisator, musikkformidlar og pedagog. Ho har laga ei rekke radioprogram for NRK P2.

    Taksdal har undervist ved Universitetet i Oslo, Griegakademiet i Bergen, Norges musikkhøgskule og ved Barratt-Due musikkinstitutt. Taksdal er lektor i instrumentalpedagogikk, og underviser blant anna i bratsj, kammermusikk og interpretasjon ved Musikk på Majorstuen


  • CELLO

    Ernst Simon Glaser er ein forkjempar for samtidsmusikk og jobba for tida som solocellist i Kringkastingsorkesteret. Han har tidlegare ansatt som alternerende solocellist i Den Norske Operas Orkester, og frå 2009-2021 var han solocellist i Göteborgs Symfinikar, Sveriges Nasjonalorkester. Tidlegare har han undervist ved Musikkonservatoriet i Trondheim, og Norges Musikkhøgskule som Truls Mørks assistent og vikar.  Av prisar kan tidlegare Rikskonsertens «Årets unge solist» og Musikkens venner «Debutantpris» nemnast. Hans debut-innspeling med Liv Glaser på fortepiano (Schumann og Schubert – Simax, 2004) vart godt mottatt. Det nyaste albumet til Glaser heiter “Echos of what will come - conversation with J.S”, og ligg på Spotify.  Ernst Simon Glaser spela på ein cello bygd av Francesco Ruggieri, Cremona ca. 1680, generøst stilt til rådigheit av Dextra Musica.

  • SOPRAN

    Karen Rosenberg Olsen fullførte si masterutdanning i klassisk song ved Barratt Due Musikkinstitutt, The Royal Conservatoire of Scotland og Norges Musikkhøgskole i 2013. Ho har sunge solistpartia i fleire kyrkjemusikalske verk, som Händels "Messias", Dvoraks "Stabat Mater" og Mozarts Requiem med fleire. Ho har hatt roller i ulike operaoppsetningar, blant anna Magnar Åms "Kimen" og som frilans sopran har ho gjort mange konsertar både innanlands og utanlands, særskild med nordisk musikk. Ho arbeider no for det meste som sjølvstendig næringsdrivande, -som klassisk songerinne, songpedagog, yogalærar, kunstnar og kulturarrangør. Ho er også tilsett som høgskulelektor i musikk ved Høgskulen i Volda.

  • FESTIVAL DIRIGENT

    Bert Handrick er årets festivaldirigent både til festivalkoret og Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.

    Han studerte ved Hochschule für Musik Dresden ved Christa Holzwessig (piano), Prof.Manfred Weiss,  Prof. Jörg Herchet og Prof. Wolfgang Strauss (komposisjon).

    Frå 1994 til 1995 studerte han i Tokyo (Japan) ved Prof. Hiroaki Minami ved University of Music and Fine Arts.  Tilbake i Dresden starta han å studere på Hochschule für Kirchenmusik Dresden ved Marianne v.Einsiedel (orgel), Prof.Christfreid Brödel, Prof.Mattias Geissler(kordireksjon), og Prof.Matthias Müksch (orkesterdireksjon).
    Han har mastergrad i både komposisjon og kirkemusikk.