Tilbake til alle arrangementer
Historiske omgjevnadar møter historisk musikk
Konsertprogram:
Mozart: Strykekvartett «Dissonans» KV 465
Beethoven: Strykekvartett op. 59 nr. 3
Mozart var ein stor beundrar av Joseph Haydn, og dei spelte ved fleire høver kammermusikk saman. Etter å ha høyrt Haydn sin opus 33-kvartetter som vart framførte i 1781, byrja Mozart året etter å skrive ei samling strykekvartettar tileigna nettopp Haydn. Den siste av desse seks kvartettane er den såkalla «dissonans-kvartetten», som vart fullført i 1785. Kallenamnet har den fått grunna den harmonisk sett svært dristiske introduksjonen til første sats.. Dagtidkonserten på laurdag vert avrunda med den tredje og siste «Razumovskij»-kvartetten.
BILLETTAR: 300kr (Gratis for studentar, elevar og born)